Fellesemnet i Matematikk

Økt 1. Introduksjon til grenseverdiar

Oppsummering (Heimearbeid)

1.3. Oppsummering (Heimearbeid)

  1.3.1 Lesestoff
  1.3.2 Repetisjon
  1.3.3 Læringsmål

1.3.1. Lesestoff

Denne økta svarer til kapittel 1.1 i Adams og Essex.

1.3.2. Repetisjon

Føredraget nedanfor illustrerer den eine av oppgåvene frå den fyrste timen. Dette er meint som en repetisjon, og kan henda som ein alternativ illustrasjon av problemet.

Legg merke til lydsporet, som du kan starta i spelaren nedst på foilen. Når du startar spelaren, vil føredraget halda fram og gå automatisk vidare foil for foil, men du kan stoppa det og bla att og fram i foilane.

Problem 1.1 Me ser på ein cellekultur der kvar celle deler seg ein gong i døgeret (i gjennomsnitt). Lat t vera tida i dagar, og start med éi celle på tidspunkt t = 0. Talet på celler etter t dagar kan då skrivast som

f(t) = 2t

1.
Plott funksjonen f(t) på intervallet t = 014.
2.
Studer cellevektsten rundt tidspunktet t = 10 dagar. Tabulér den gjennomsnittlege vekstraten i cellekulturen i løpet av intervallet [t,t + Δt] for Δt = 1,0.1,0.01,0.001.
3.
Estimér den momentane vekstraten på tidspunktet t = 10 dagar.

1.3.3. Læringsmål

Målet i den fyrste økta er å forstå konsepta gjennomsnittlege og momentan vekstrate, både generelt og i spesifikke døme (t.d. som fart).