Fellesemnet i Matematikk
Obligatoriske arbeidskrav
Fellesemnet i Matematikk
B. Obligatoriske arbeidskrav
Dette emnet har obligatoriske arbeidskrav i form av student-leidde øvingar, cirka sju gongar i løpet av semesteret. Desse timane er merkte som «obligatorisk øving» i kalendaren i BlackBoard. Likeins finn du oppgåvene til kvar av desse timane under overskrifta «obligatorisk øving» i kompendiet.
Kvar student må førebu seg for å presentera løysingane for klassa. I timen trekk me tilfeldige studentar for å løysa kvar oppgåve. Det obligatoriske arbeidskravet er ein føresetnad for å få gå opp til eksamen, og spelereglane er som fylgjar.
- 1.
- Ein skal vera budd til å presentera og forklara løysinga. Det krev god forståing, men ikkje at ein står aleine om løysinga. Det er lov, og som regel lurt, å samarbeida med andre i førebuingane.
- 2.
- Når me møtest til tima skal alle kryssa av på ein klasseliste, dei oppgåvene dei er budd til å presentera.
- 3.
- For kvar oppgåve dreg me ein tilfeldig student som skal presentera løysinga på tavla.
- 4.
- Det er ikkje nok å kopiera notatane sine til tavla. Me ventar forklaring, og me ynskjer å stilla spørsmål.
- 5.
- Kravet for å få gå opp til eksamen er 50% avkryssa oppgåver i løpet av heile semesteret.
- 6.
- Studentar som openbert har bløffa når dei vert trekt til å presentera, og overhode ikkje skjøner løysinga, misser alle kryssa den dagen. Klassa får vurdera slike tilfelle.
- 7.
- Det er lov å gjera feil, so lenge ein har eit ærleg og fornuftig forsøk, og har grunn til å tru at det er rett.
- 8.
- Kravet er sett so lågt som 50% for å gje rom til å vera sjuk eller gå i gravferd (e.l.) ein gong i løpet av semesteret. Langvarig sjukdom eller anna ekstraordinært stort fråvêr må vurderast individuelt.
- 9.
- Studentar som har gode grunnar for ikkje å gjennomføra kravet må ta kontakt so snart som råd. Det gjeld både langvarig sjukdom, angst/depresjon som kan gjera det vanskeleg å presentera i klassa, og andre gode grunnar.