Matematisk Problemløysing 2020
Veke 5–6. Finansmatematikk
Vidare lesing
5.11 Vidare lesing
Bjørnestad et al dekkjer finansmatematikken i kapittel 5.5. Framstillinga deira legg stor vekt på å presentera formlar for ulike særtilfelle, og det vil vera svært krevjande å pugga alle og halda dei frå kvarandre. Me trur at de vil vera betre tjent med å studera korleis den eine formelen i rekneregel 5.1 kan brukast på mange ulike måtar, slik som me har freista i dette kapittelet.
Det teoretiske grunnlaget for finansmatematikken presenterer Bjørnestad et al i kapittel 5.1, 5.3 og 5.4. Det er ein god idé å gå gjennom denne teorien, og samanlikna dei abstrakte forklaringane i læreboka med dei praktiske løysingsteknikkane som me har presentert her.
Oppgåvene i læreboka er verd å gjera, særleg oppgåvene i kapittel 5.5.