Matematisk Problemløysing
Læringsmål og studieteknikk
Læringsmåla
Kunnskap: Kandidaten skal
- 1.
- kunna sjå samanhengen mellom abstrakte matematiske modellar og konkrete problem i bedriftsøkonomi og marknadsanalyse.
- 2.
- ha ein heilskapleg forståing av problema som er nemnde under ferdigheitsmåla, og kjenna til ulike løysingsstrategiar der det er relevant.
- 3.
- kunna vita kva gjennomsnitts- og grensekostnad fortel om lønsemd.
Ferdigheter: Kandidaten skal
- 1.
- kunna rekna på rente- og finansproblem ved hjelp av eksponential- og logaritmefunksjonar og geometriske rekkjer.
- 2.
- kunna rekna på lineære og kvadratiske kostnads- og inntektsfunksjonar, løysa balanseproblem ved hjelp av likningar.
- 3.
- kunna analysere og drøfta polynomfunksjoner, inkl. dervasjon og identifisering av null- og ekstremalpunkt.
- 4.
- kunna bruka algebraiske formuleringar for å koma fram til generelle slutningar.
Kandidaten bør
- 1.
- kunna drøfta og analysera rasjonale funksjonar og eksponential- og logaritmefunkasjonar.
- 2.
- kunne løysa abstrakte og algebraiske problem innanfor problemområda nemnde over.
- 3.
- kunne overføra løysingsteknikkane nemnde over til andre typar problem.
Kompetanse: Kandidaten skal
- 1.
- kunna kommunisera om og ved hjelp av matematikk.
- 2.
- kunna matematisera, dvs. finna løysbare matematiske formuleringar for problem frå røynda.
Kva er matematikk?
Alle har studert matematikk før, med større eller mindre hell, og har heilt sikkert ei meining om kva matematikk er. Det er ikkje sikkert denne meininga dekkjer matematisk problemløysing.
Svært ofte legg skulematematikk vekt på ferdigheitsmåla: å rekna ut dette og hint. Ein gong gav det meining. Eg har møtt tilårskomne kollegaar som hadde den fyrste jobben sin som Computer. Dei trengte rekneferdigheiter.
Ingen studentar i dag kjem til å få jobb som computer. Der er andre mål som tel i dag.
Legg særleg merke til kompetansemåla (over). Me skal bruka matematikk til å kommunisera om økonomiske og samfunnsmessige samanhengar, og bruke matematisera, dvs. omsetja, problem frå røynda til formelle og løysbare problem i matematikken. Me skal ikkje gløyma ferdigheitsmåla heilt, men langt meir enn mål i seg sjølve, er ferdigheitane middel til andre mål.
Om å svara på oppgåver
Kompetansemåla i kurset har fylgjer for korleis ein skal arbeida med og svara på oppgåver. Utrekninga er den minst viktige delen av oppgåva. Langt viktigare er det å kunna kommunisera tolkinga og løysinga til andre, slik at dei vert overtydde om at svaret er rett. Fyrst og framst skal ein kunne overtyda kollegar og medstudentar som kan like mykje eller litt mindre enn ein sjølv.
Der er altfor mange forskjellige oppgåver til at ein kan pugga løysingsmønster. Der er uansett ingen pris for å løysa oppgåva med same metode som førelesaren ville ha brukt. Ein er nøydd til å tenkja sjølv. Dei fleste oppgåvene er basert på problem frå røynda, og ein må tenkja slik at ein får svar som gjev meining i røynda.
Ikkje alle oppgåver har ein fasit. Der er tolkingsrom i matematikk. Det må ein læra å handtera, gjerne gjennom å drøfta tolkingar med andre.
Studieteknikk
Samarbeid løner seg. På mange ulike måtar.
Ein lærer mykje av å forklara for andre. Ein lærer òg mykje av å retta for kvarandre.
Det er ikkje nok i kurset å løysa oppgåvene slik at sensor kjenner att nok som er rett. Ein skal svara slik at medstudentar vert overtydde om at svaret er rett; ogso medstudentar som kan litt mindre enn ein sjølv. Kven kan best gje tilbakemelding på det?
Det er òg nyttig å diskutera med fleire ulike personar, for å få ulike perspektiv.
Dette er bakgrunnen for gruppearbeidet som inngår i dei organiserte øktene. Det er ein god idé å byggja vidare på dette og danna studiegrupper som de kan bruka i eksamenslesinga og vidare i studiet.