Matematisk Problemløysing 2020

Mappeoppgåver i Finansmatematikk

Matematisk Problemløysing

7 Mappeoppgåver i Finansmatematikk

Du står ganske fritt når du vel oppgåver til mappa di, so lenge du dekkje alle dei tre hovudtemaa i emnet.

I Finansmatematikk er det vesentleg, som eit minimum, at du kan

1.
bruka geometriske rekkjer til å rekna på kontantstraumar
2.
bruka logaritmefunksjonen til å finna kor mange år det tek å nå eit sparemål.

Du må gjerna laga eigne oppgåver eller endra tala i oppgåvene i heftet. Dette gjeld særleg dersom du arbeider saman med andre gjennom semesteret. Det er best om du leverer inn oppgåver som ingen andre har brukt.

Studentar som siktar mot toppkarakterar må visa at dei kan bruka matematikken på nye problem, som ikkje rekk over i klassa. Det er ein god idé å finna eitt problem frå røynda, anten vilkår på sparing eller pensjon, eller kostnadsutrekningar for store investeringsprosjekt (t.d. vegprosjekt), og visa korleis matematikken i pensum er relevant for å vurdera og samanlikna slike prosjekt.

Dei som er nøgde med å læra nok til å klara seg gjennom resten av studiet (det som normalt svarer til karakteren C), kan løysa oppgåver frå heftet eller variantar av dei, blant dei som ikkje har løysingsforslag. Likevel skal ein vera nøye med å velja utfordrande oppgåver. Mappeformen gjev tid til å takla avanserte oppgåver som prosjekt.

Karakterane D og E signaliserer at ein manglar kompetanse som ein får bruk for i resten av studiet. Alle bør difor sikta høgare enn det. Karakterene vert likevel brukte på innleveringar med nokre manglar.

NB. Sjå fullstendige kriterium for avsluttande mappe.