Matematisk Problemløysing 2020

Funksjonsdrøfting

Matematisk Problemløysing

13 Funksjonsdrøfting

I dette kapittelet skal me drøfta og skissera funksjonar.

Merknad 13.1 Når me skisserer ein funksjon teiknar me ei grovskisse der me freistar å få dei karakteristiske punkt, som topp-, botn- og nullpunkt korrekte.

Å drøfta ein funksjon tyder å vurdera formen som funksjonen har, og fastsetja karakteristiske punkt som topp-, botn- og nullpunkt. Skissa vert ein visuell presentasjon av drøftinga.

Vekesmål 13.1 (16. oktober 2019) Gjer i alle fall oppgåvene om andre- og tredjegradsfunkasjonar. Desse er kritiske for eksamen.

Dersom du har tid, hald fram med funksjonar på faktorisert form.