Matematisk Problemløysing 2020

Fleire døme i Funksjonsdrøfting

Matematisk Problemløysing

16 Fleire døme i Funksjonsdrøfting

Oppgåvene i dette kapittelet er henta frå eksamen hausten 2017, men nokre av løysingsforslaga er utvida med meir detaljar og sensurinstruksjonar.

Som alltid, svar på oppgåvene med tanke på å forklara medstudentane korleis du tenkjer og overtyda dei om at løysinga er rett.

Det er ikkje eit mål å velja same løysingsmetode som eksaminator. Der er som regel mange vegar til målet.