Statistikk og Simulering

Veke 10. Korrelasjon og regresjon

Tysdag (rekneøving)

10.3. Tysdag (rekneøving)

Oppgåve 10.3 Frisvold og Moe: oppgåve 12.1

Oppgåve 10.4 Frisvold og Moe: oppgåve 12.5

Oppgåve 10.5 (Predicting Mental Ability)

Er der ein lineær samanheng mellom alderen når eit barn tek til å tala, og mentale evnar seinare?

For å svara på dette har me samla data om ti born og registrert alderen i månader då dei fyrst talte, og score på ein evnetest som tenåring.

Alder (i månader) Score
15 95
26 71
10 83
9 91
15 102
20 87
18 93
11 100
8 104
20 94

Teikn eit spreidingplott (scatterplot) og avgjer om du synest der ser ut til å vera ein lineær samanheng mellom dei to variablane. Beskriv evt. samanhengen.

Rekn ut korrelasjonskoeffisienten (r = ρ̂) Kor stor andel av variasjonen i evnenivå (testresultat) kan forklarast med modellen?

Oppgåve 10.6 Sjå på fylgjande datasett:

x 0.00 1.00 2.00 3.00 4.00 5.00
y 0.03 0.15 0.89 2.79 6.42 12.5

Bruk minste kvadrats metode for å finna ei rett line y = a + bx som tilnærmer datasettet.