Statistikk og Simulering

Økt 9. Simulering med kommunikasjonssystem

Ordfeil

10.4. Ordfeil

Hittil har me berre talt bitfeil. Det er ikkje alltid eit ord med éin bitfeil er noko betre enn eit ord med fem. Difor er me òg interessert i ordfeil. Ein ordfeil oppstår når der er minst éin bitfeil, dvs. når det mottekne ordet er ulikt det sendte ordet.

Oppgåve 10.5 Ta vektoren med observasjonar frå oppgåve 10.4. Kor mange ordfeil hadde du på dei 100 forsøka?

Hint: Dersom x er vektoren med observasjonar, so vil x>0 gje ein vektor med 1 for kvar observasjon med ordfeil og 0 for kvar observasjon utan feil.

Oppgåve 10.6 Gjer ein tilsvarande simulering av eit ukoda system. Du kan bruka matlab-funksjonane dine frå tidlegare øktar. Simuler fire-bits melding på BSC(0,1) og køyr m = 100 forsøk.

Kor mange ordfeil får du på 100 forsøk utan koding? Samanlikn med forrige øving. Verkar resultatet rimeleg?

Oppgåve 10.7 Lat X vera talet på ordfeil når du sender uavhengige 100 ord i systemet. Sjå på dei to siste oppgåvene. Kva trur du sannsynet for ordfeil er, med og utan hammingkoden på BSC(0,1)?

Oppgåve 10.8 (Diskusjon) Lat X vera talet på ordfeil når du sender uavhengige 100 ord i systemet, som i forrige oppgåve. Kva veit me om sannsynsfordeling åt X?