Statistikk og Simulering

Økt 10. Punktestimat

Betre estimat for standardfeilen

11.2. Betre estimat for standardfeilen

Over gjorde me same estimat fleire gongar, og rekna ut utvalsstandardavviket s. Dette gjev eit estimat for standardfeilen σ.

Utvalsstandardavviket s er ein estimator for populasjonsstandardavviket σ, men det er ikkje den einaste estimatoren.

Når me reknar ut feilraten i eit binomialfordelt eksperiment, so er standardfeilen gjeve som

S.Dev.(p̂o) = σ = po (1 po ) n . (22) 

Ein vanleg estimator for standardfeilen

σ̂ = p ̂ o (1 p ̂ o ) n , (23) 

og ulikt utvalsstandardavviket, kan me få eit fornuftig estimat med berre éin observasjon av feilraten. Sjølvsagt kan me berre bruka denne formelen for binomialfordelinga.

Oppgåve 11.6 Sjå på dei to histogramma fyrst i økta igjen, og rekn ut estimatoren for standardfeilen etter formelen (23).