Statistikk og Simulering

Økt 10. Punktestimat

Matlabøving

11.3. Matlabøving

Oppgåve 11.7 Skriv din eigen matlabfunksjon (m-fil) som køyrer n testar der eit hammingkodeord vert sendt over BSC(p) og ordfeil vert registrert. Inndata skal vera talet på forsøk n and bitfeilsannsynet p, returverdien skal vera feilraten Xn der X er talet på ordfeil. (Jf. oppgåve 11.2 og 11.3.)

Test funksjonen for p = 0,1 and n = 10. Kva er feilraten?

Oppgåve 11.8 Lag ein funksjon som køyrer funksjonen frå forrige oppgåve m gongar og registrerer kvar feilrate i ein vektor.

Oppgåve 11.9 Bruk funksjonen frå forrige oppgåve til å gjera liknande simuleringar til dei som eg gjorde fyrst i økta. Lag tre datasett for tre ulike bitfeilsannsyn p = 0,04,0,1,0,2. Kvart datasett skal innehalda 40 observasjonar av ordfeilraten p̂o, der kvar observasjon er rekna over 100 sendte ord.

Oppgåve 11.10 Plott histogram for kvart av dei tre datasetta frå oppgåve 11.9.

Oppgåve 11.11 Rekn ut gjennomsnittet av kvart av dei tre datasetta frå oppgåve 11.9.

Oppgåve 11.12 Rekn ut varians og standardavvik for kvart av kvart av dei tre datasetta frå oppgåve 11.9.

Oppgåve 11.13 Tak fram igjen funksjonen din frå oppgåve 11.7. Bruk han for å estimera ordfeilraten po for Hamming-koden over BSC(p) for p = 0,04,0,1,0,2, og rekn ut standardfeilen for kvart estimat.

Oppgåve 11.14 Gjentak oppgåve 11.13 for BCH-koden i staden for Hamming-koden. (Desse resultata kan du bruka som grunnlag for innleveringa, eller du kan velja andre bitfeilsannsyn p, eller fleire eller færre testar som grunnlag for estimatet.)