Eksponentialfunksjonen
Verditap
4.2 Verditap
Til øvingstimen 5 (4. september 2019) Som absolutt minimum bør de koma gjennom alle oppgåvene i avsnitt 4.2 og 4.3 og helst òg 4.4 i løpet av økta.
Dersom de har tid, må de gjerne arbeida vidare t.o.m. avsnitt 4.8. Sjå i so fall til Øvingstimen 6
Eksempeloppgåve 4.9 Akskjefondet Nye marknader har gått dårleg dei siste åra. Verdien har falt med 10% kvart år. Teodor investerte 200 000 kroner for åtte år sidan. Kor mykje er parten hans verd i dag?
Løysing 4.3 Eit verditap på er det same som vekst på eller . Dette gjev ein vekstfaktor . Verdien på fondsandelen etter år er då . No, etter åtte år, er verdien
Parten hans er verd 86 093,44 kroner.
Øvingsoppgåve 4.10 Johnny har kjøpt ein bil til 600 000 kr. Bilen fell 15% i verdi kvart år. Kor mykje er bilen verd etter sju år?
Øvingsoppgåve 4.11 Tenk deg ein fondsandel på 1000 kroner. Lag eit plot for å samanlikna verdiutviklinga når verdien fell med 1%, 5% eller 10% per år.
Dersom du plottar på maskin, kan du godt prøva ulike interval på -aksa, både til .