Matematisering

Forord

Kjelder

1.2 Kjelder

Niss and Højgaard [2011] skriv om åtte ulike matematikkompetansar, der symbol- og formelmanipulasjon berre er éin av dei. Thorvaldsen [2002] skriv om matematikkens kulturhistorie, og nemner mange av dei praktiske problema som har inspirert utviklinga i fleire tusen år. Pestalozzi var skulereformator i Sveits rundt 1800, og han peikte mellom anna på at den store avstanden mellom skulekvardagen og heimkvardagen var skulen si store ulukke. Hovudverket finst i ein lettlest, forkorta utgåve på engelsk [Pestalozzi1908]. Sæbø et al. [2015] skriv om favoriseringa av digitale tenkjarar i høgare utdanning, der kontekstuelle tenkjarar vert diskriminert.

Den oppgåvedrivne metodikken i boka er inspirert av Colburn [1822] og til dels Hendrix [1947], og vert gjerne kalla ein induktiv undervisningsmetode. Idéen med å bruka eksempel- og øvingsoppgåver i par er formalisert og systematisert av Clark et al. [2005].