Matematisering

Eksamenstips

Matematikk frå Røynda

9 Eksamenstips

Dette kapittelet viser typiske eksamensoppgåver frå eksamen tidlegare år frå dei tre hovudtemaa i pensum. Kvart hovudtema skal dekkja minst 25% av eksamen, og 75–80% av eksamen skal vera ganske forutseieleg. Dei siste 20–25% eksamen skal by på overrasking. Fullstendig og god kontroll på dei forutseielege 75% er nok til karakteren C.

Oppgåvene er henta frå eksamen hausten 2017, men nokre av løysingsforslaga er utvida med meir detaljar og instruksjonar til sensor, i tråd me korleis eksamen er planlagd i år. Der er òg nokre mindre språklege endringa i oppgåvetekstane.

Desse oppgåvene er typiske, men der er variasjon. Alle døma og oppgåvene i oppgåvehefta er relevante for dei tre hovudtemaa.