Discrete Mathematics
Hans Georg Schaathun

Discrete Mathematics

News

See the right hand menu for general information, syllabus, etc.

News Spring 2016

Kontinuasjon

Eg har kontakt med studentar som skal kontinuera til våren og som er interessert i å danna ein studiering for å førebu seg. Dersom andre er interessert i dette, so kan eg formidla kontakt. Skriv til hasc@ntnu.no.

News 2015

Veke 13-14 ( Tue 10 Nov 21:27:17 UTC 2015 )

Resten av denne veka og neste er repetisjon. Denne veka vil me bruka på eksamensdøme nr. 1. Me byrjar på oppgåve 1 og held fram so langt me kjem.

Den siste obligatoriske tysdagen med oppgåvepresentasjonar er tysdag 17. november. Oppgåvene er frå eksamensdøme nr. 2: 1, 2, 3, 7, 9 og 11.

Dei to eksamensdøma er realistiske eksamenssett. I tillegg er der tre ekte eksamenssett med løysingsforslag. Sjå under «extra material». Justeringane i innhald og pensum har vore marginal, so alle fem setta gjev eit godt inntrykk av kva ein kan forventa.

Nokre løysingar veke 11 ( Wed 28 Oct 2015 07:32:56 UTC )

Fyrste øving veke 11

Veke 8 ( Fri Oct 2 20:18:46 UTC 2015 )

Materialet for veke 8 er no klart.

Veke 7 ( Mon 28 Sep 11:22:17 UTC 2015 )

Materiell til Veke 7 er lagt ut. Eg er lei for at eg ikkje har makta å laga fleire videoar på nytt. Ikkje nøl med å spørja dersom noko er tungt å forstå.

Veka 22.-24. september (VIKTIG)

Sjuk 22. september

Eg er diverre sjuk i dag 22. september, men eg trur likevel at det er betre at de har timen på eiga hand enn at me avlyser tvert. Kjell Inge kjem innom med ei avkryssings. De kan gjera slik:

  1. Fyll inn lista som vanleg.
  2. Kast lodd om kven som presenterer. Namn på papirlappar fungerer like bra som terning.
  3. Sjekk at de er samde i løysinga, eller prøv å finna ei løysing som de kan einast om.
  4. Dersom de er i tvil om løysinga so sender éin av dykk ein epost til meg med løysingsforslaget som de har og spørsmål til meg.
  5. De leverer lista med kryss til meg i timen i morgon.

Fråver Torsdag 24. september

Eg er diverre på reise 24.-25. september (i samband med fusjonen med NTNU) og det blir difor ingen vanleg time torsdag 24. september. Klasserommet står likevel til disposisjon, og eg vil råda dykk til å møtast der for å samarbeida om oppgåvene. Dersom der er noko de ikkje klarar å løysa saman, vil eg gjerne høyra om det på epost. Eg skal gjera mitt beste for å hjelpa.

Klart materiell for Veke 6

Materiellet for Veke 6 er lagt ut. Diverre er der ein video som eg ikkje har makta å spela inn pga. sjukdom; eg håper at de kan bruka foilane til å koma vidare likevel.

Referansedokument ( Wed 26 Aug 12:05:58 UTC 2015 )

Eg har lagt ut eit referansedokument som samlar dei mest sentrale definisjonanen og formlane frå veke 1-2. Ver snille å koma med tilbakemeldingar. Dekkjer dette ynskjet om formelsamling som me diskuterte i går? Er det noko som manglar? Utan tilbakemeldingar så kjem der ikkje noko meir neste veke ...

Fullstending øvingsopplegg veke 3 ( Tue 25 Aug 08:38:07 UTC 2015 )

Materialet for veke 3 er no fullstendig og tilgjengeleg på vevsidene.

Fullstending øvingsopplegg veke 2 ( Fri 21 Aug 07:55:41 UTC 2015 )

Materialet for veke 2 er no fullstendig og tilgjengeleg på vevsidene.

Problem med ulike vevlesarar ( Wed 19 Aug 11:18:42 UTC 2015)

Eg har talt med to studentar som har problem med Internet Explorer, der nedtrekksmenyane ikkje fungerer. Dette er eit problem som er kjend på nettet. Eg har freista ein fiks som eg las om; kan nokon fortelja meg om det vart betre?

Der var òg minst ein student som ikkje fekk fram videoane i safari. Dersom det skjer kan de lasta videoen ned; dei fleste lesarar tillet det ved å høgreklikka og velja nedlasting.

Fullstending øvingsopplegg veke 1 ( Wed 19 Aug 11:18:42 UTC 2015)

Materialet for veke 1 vart lagt ut fullstendig i går ettermiddag. Der var ein trykkfeil i javakoden i den fyrste videoen. Dette vart retta i dag.

News 2014

Undervising framover ( Tue 18 Nov 2014 10:37:58 UTC )

Undervisinga er «eigentleg» slutt med den siste klasseromsprøva. Me har øvingar med gamle eksamenssett/prøveeksamen på torsdag og på fredag forrige veke og denne veka. Etter fredag 21. november tek eksamen til, og me hev ikkje lenger rommet.

I dag er eg bortreist, so der er definitivt ingen time i dag.

Feil i løysingsforslag til klasseromsprøve 6 ( Thu 13 Nov 2014 05:23:19 UTC )

Der er feil i løysinga til Problem 2 i klasseromsprøve 6. I produktet skal me ha

[1,2,1] · [2,1,0] = 2 + 2 + 0 = 1

New solutions ( Tue 11 Nov 09:36:08 UTC 2014 )

Added solution to Exercise 22 after request.

Error in video ( Fri 7 Nov 13:01:15 UTC 2014 )

An error has been detected in the video on the Mix Columns operation (first video, today, Friday 7th). In the example calculation, second to last slide, the conversion from binary to polynomial is wrong, and this error propagates through.

The video will be replaced, but because of system upgrades, it will not happen till Monday. Sorry.

Updated solutions Part 5 ( Tue 28 Oct 09:44:56 UTC 2014)

Added solutions and relabelled existing answers to match exercise documents.

Alternativ video ( Tue 21 Oct 2014 17:28:16 UTC )

Eg har lagt til lekk til tre videoar på YouTube, alle om Euklids utvida algoritme. Somme studentar har hatt nytte av dei, og dersom de slit med å forstå mine videoar, så er det verd å prøva andre.

Eg har so vidt sett på delar av dei, og alle verkar fornuftige. Dei fleste ser ut til å vera lekk i seriar av videoar, men eg trur ikkje det er noko problem.

Nye løysingsforslag for Del 3 ( Wed 1 Oct 13:33:08 UTC 2014)

Der er lagt til løysingsforslag for to oppgåver frå sist fredag, etter førespurnad.

Oppdatering av øvingane for Del 3 ( Mon 29 Sep 12:38:34 UTC 2014)

Ei av øvingane frå videoane mangla i øvingssettet, som no er oppdatert med den ekstra oppgåva. I tillegg er der lagt ut facit av den same oppgåva er løyst. (Ingen andre oppgåver er løyst enno.)

Oppdatering av øvingane for Del 3 ( Wed 17 Sep 09:04:21 UTC 2014 )

Øvingane som fyrst publisert var uferdige, og der er difor kome ei ny utgåve no. Der er ingen endringar i oppgåvene for torsdag 18. september.

Feil i oppgåve 1.6 (logic) ( Tue 9 Sep 06:33:14 UTC 2014 )

Der var trykkfeil i oppg. 1.6 (del 2); han er retta og ny versjon er publisert. Problemet var ombyting av «og» og «eller». Beklager.

Oppdatert materiale til i morgon ( Thu 4 Sep 09:19:34 UTC 2014 )

Der var trykkfeil i oppg. 2.2 og difor er der publisert oppdatering av oppgåvesette i formiddag. Der er òg lagd til fleire løysingsforslag enn der var i går.

Klasseromsprøve nr. 1 ( Thu 4 Sep 09:19:34 UTC 2014 )

Nitten studentar tok klasseromsprøva og alle klarte minst cirka halvparten. Det rekk til godkjenning.

Halvparten er ikkje veldig bra når oppgåvene er kjende og alle trykte og skrivne hjelpemiddel er tilletne, so der er mange som må arbeida vidare med stoffet.

Timar utan vegleiing ( Thu 28 Aug 2014 08:11:17 UTC )

Eg er diverre nødt til å dra på andre møte to gongar i neste fjortendagarsblokk. Dermed vert timane utan vegleiing.

  1. 5. september (Session 2 i oppgåvedokumentet)
  2. 11. september (Session 4 i oppgåvedokumentet)

For desse to timane gjeld at

  1. Rommet er tilgjengeleg. Møt fram og arbeid i grupper.
  2. Eg legg ut fleire løysingsforslag enn det som er vanleg.
  3. Send meg ein epost dersom der er noko de ikkje finn ut av.

Pensumet vert ikkje mindre av at eg er borte, so bruk tida. Gruppearbeid er sunt, både med og utan vegleiing.

Matematisk Notasjon ( Wed 20 Aug 10:33:45 UTC 2014 )

Wikipedia har ei grei side om matematiske symbol. So vidt eg kan sjå er ho korrekt og ganske fullstendig, og får med seg ein del av den variasjonen som de vil møta. Ho inneheld sjølvsagt meir enn me treng, og ein del notasjon frå område som eg ikkje har greie på. Difor er det viktig å leggja merke til fagfeltet som er indikert («category»).


Hans Georg Schaathun / hasc@hials.no