Matematisk Problemløysing 2019

Matematisk Problemløysing

Velkommen til emnet i Matematisk Problemløysing hausten 2020. Alt materiale til kurset vert publisert her. BlackBoard vert brukt til kunngjersler og innleveringar.

Det vert eit spesielt semester, med smittevern og stadige regelendringar. Eg trur at eg har funne eit opplegg som er godt egna for målgruppa på kurset. Vonleg får me lov å arrangera eksamen som planlagd.

Målgruppa
er studentar som treng å kunna tenkja matematisk omkring konkrete problem i vidare studium, men som ikkje har særleg god forståing for abstrakte matematikkproblem og dermed gjerne har slitt med matematikkfaget i tidlegare skulegang.
Førelesar
Professor Hans Georg Schaathun hasc@ntnu.no. Tak gjerne kontakt med spørsmål og anna. Det enklaste er å ta kontakt på undervisingsøktene, men send gjerne epost eller stikk innom på B326.
Hovudøkt
Hovudøkta er 4h på nett. Store delar av økta vert gruppearbeid, men me vil alltid både starta og avslutta med plenumsførelesing. Me bruker BlackBoard Collaborate; dette vert kunngjort i BlackBoard
Rettleiingsøkt
Alle studentar er tildelt ein 2h rekneøkt. Desse går fysisk, med eldre studentar som læringsassistentar. Her kan de velja om de vil arbeida individuelt eller i gruppe.
Vurderingsform
Planen er mappevurdering. Dette er ikkje endeleg vedteke sentralt på NTNU, men eg har fått melding om å planleggja ut frå det.
Obligatoriske arbeidskrav
Der er to typar arbeidskrav i emnet.
1.
Refleksjonsnotat som inngår i mappa.
2.
Automatisk retta rekneoppgåver som ikkje inngår i mappa.

Alle fristane vert kunngjorde i BlackBoard

Utstyr
Til nettøktene er det viktig at alle har maskin med kamera og brukbar mikrofon. Den innebygde mikrofonen gjev som regel mykje støy. Billege hovudtelefonar med mikrofon er som regel bra nok.

Det er ein stor føremon å ha skjerm med penn til å skriva og teikna på frihand. Dette kostar ein del, men det gjer samarbeid over nett mykje enklare, og dersom du finn noko som passar for deg, so kan du spare inn ein del på papir og penn. Der er mange løysingar, både pennar til mange nettbrett, penneskjermar til stasjonære datamskiner og bærbare maskiner med berøringsskjerm og penn. Nettbrett med penn vil nok vera det billigaste og enklaste for dei fleste.

Læringsmateriell
Foruten denne sida, kjem der øvingshefter i
1.
Finans og geometriske rekkjer.
2.
Inntekts- og kostnadsfunksjonar med optimering og funksjonsdrøfting.

Det siste heftet dekkjer to hovudtema og er difor dobbelt so omfattande som det fyrste. Dei tre temaa er utdjupa i det siste kapittelet i det siste heftet.

Der er ingen fasit til øvingsheftene. Det er med hensikt. De skal bruka heftet til å drøfta løysingane med kvarandre og sikta mot ei felles overtyding. Det er berre på denne måten de kan opparbeida tanksetts- og kommunikasjonskompetanse. Alle røynslene våre viser at fasit er ei bjørneteneste som motverkar læringsmåla.

Det er derimot alltid lov å spørja om råd. Både førelesar og læringsassistentar er her for å hjelpa, og når de trengst bidreg me med løysingsforslag.

Formelark
Formelarket vert tilgjengeleg som vedlegg på eksamen. (Dette kan verta revidert fram til siste undervisingsveke.)

NB! Sjølv om emnet i prinsippet fylgjer dei same læringsmåla som vart vedtekne då emnet vart innført i 2015, er der skjedd, og held fram å skje, mange endringar i praksis. Me skal leggja meir vekt på å nå og vurdera alle læringsmåla, og ikkje berre ferdigheitsmåla. Dette gjer at emnet kanskje skil seg ein del frå kva de er vane med å møta i matematikken. Frå og med 2018, er det er ikkje lenger lov å ha med lærebok eller formelsamling på eksamen, og berre enkel kalkulator er lov. De for derimot eit enkelt formelark som vedlegg på eksamen (sjå over). I 2019 har me òg revidert læringsmåla for å gjera dei enno tydlegare og meir konkrete.