Statistikk og Simulering

Økt 27. Hypotesetesting med gjennomsnitt

Tosidig test med kjent σ

21.2. Tosidig test med kjent σ

Oppgåve 21.5 Det vert påstått at gjennomsnittshøgda på mannlege studentar i Noreg er 180,5cm. Me (latar som om me) veit at menneskeleg høgd er normalfordelt med standardavvik σ = 3,2cm Korleis kan me testa påstanden?

1.
Kva nullhypotese har me?
2.
Kva er den alternative hypotesa?
3.
Kva statistikk kan me observera?
4.
Korleis er statistikken fordelt?
5.
For kva verdiar av statistikken skal me forkasta nullhypotesen ved 5% signifikansnivå?

Oppgåve 21.6 Sett at me målet høgda på n = 8 studentar, og finn 186,59, 177,39, 180,54, 178,23, 178,55, 178,73, 180,68, 173,84. Kva fortel det oss om hypotesen vår?

Oppgåve 21.7 Sett at me aukar talet på observasjonar til n = 16. Kva er då den kritiske verdien for å forkasta nullhypotesen på 5% signifikansnivå.

Kva vert dei kritiske verdiane med n = 32?