Statistikk og Simulering

Økt 25. Slumptalsgeneratorar

Avslutning

18.5. Avslutning

I denne økta har me berre skrapt i overflata på eit stort og viktig tema. Dei generatorane som me har sett på er ganske primitive, og det er tydeleg at dei ikkje er perfekte. Det er viktig å hugsa på at dei same problema går igjen i meir sofistikerte slumptalsgeneratorar. Dei er aldri perfekte, og det vesentlege spørsmålet vil alltid vera om dei er gode nok for eit bestemt bruksområde.

Slumptalsgeneratorar er eit kontroversielt tema. Der er delte meiningar i literaturen om kva som er viktig og om kva som er godt nok.

Det er viktig ikkje å vera naiv i valet av slumptalsgeneratorar. Mange standardbibliotek har implementert generatorar med dårlege statistiske eigenskapar, sjølv om det kanskje ikkje er like ille som det var for ein generasjon sidan. På ein del aktuelle område er dei statistiske eigenskapane kritiske. Tenk deg nettpoker der korta ikkje er uniformt fordelte? Eller eit nettbanksystem der bandittar veit at nokre nyklar er meir sannsynlege enn andre? Eller ein vitskapleg simulering der sannsynsfordelinga er ei heilt anna enn det som forskaren føreset?

Me avslutta økta med eit døme på statistisk hypotesetest. Det er eit sentralt tema som me går vidare med neste økt. Hypotesetestar vert brukt på mange andre problem enn kvaliteten til slumptalsgeneratorar.