Statistikk og Simulering

Siste lab 4. mai

Hypotesetest

11.4. Hypotesetest

Ein hypotesetest tek utgangspunkt i ein påstand (hypotese) og fylgjer strengt oppsette spelereglar for å forkasta eller ikkje forkasta hypotesen basert på observasjonar. Målet med hypotesetesting er å eliminera alle subjektive vurderingar etter at data er observert. Difor må hypotesen formulerast før data vert observert.

Oppgåve 11.9 Me skal vurdera påstanden: Hammingkoden har 12% sannsyn for ordfeil. Formuler nullhypotese og alternativ hypotese for hypotesetesting. Drøft minst to ulike alternative hypotesar, som kan gje ulike vinklingar på problemet. Er der fleire moglege nullhypotesar å velja mellom?

Oppgåve 11.10 For kvar nullhypotese frå forrige oppgåve: Køyr ein ny simulering av hammingkoden med n = 100 forsøk over p = 0,1, og vurder om du kan forkasta nullhypotesen. (Du vel sjølv om du vil rekna med p-verdi eller terskelverdi.)

Sidan du allereie har sett på data frå tidlegare simuleringar, vil me ikkje bruka data opp att til hypotesetesting. Av same grunn vil me ikkje bruka same datasett til to hypotesetestar.

Oppgåve 11.11 Gjennta forrige oppgåve med n = 36 og med n = 400. Får du same konklusjon? Drøft korleis n påverkar hypotesetesten.

Oppgåve 11.12 Drøft avslutningsvis korleis me kan bruka statistikk for å vurdera påstanden: Hammingkoden har 12% sannsyn for ordfeil. Trur du påstanden er sann eller usann? Kva føremonar og ulemper har dei ulike statistiske teknikkane?